Return to the talk Return to talk

Transcript

Select language

Translated by Pål André Grimstad Worren
Reviewed by Bente Teigen Gundersen

0:15 Eg fortalde dykk tre ting ifjor. Eg fortalde dykk at statistikkane i verda ikkje har vorte gjort tilgjengelege nok. Og grunna det, har vi framleis den gamle tenkemåten kring u-land og i-land, som er feil. Og at animert grafikk kan utgjere ein skilnad. Ting endrar seg. Og i dag, på heimesidene til FN sin statistikkdivisjon, vert det frå fyrste mai lova full tilgang til databasane. (Applaus) Og viss eg kan få dele biletet på skjermen med dykk. So tre ting har skjedd. FN opna statistikkdatabasane sine, og vi har ein ny versjon av programvara som ein betaversjon på internett, slik at du ikkje treng å laste det ned lenger.

1:06 Og lat meg repetere kva de fekk sjå ifjor. Boblene er landa. Her har du fertilitetsraten -- antal born per kvinne -- og der har du levealder i år. Dette er 1950 -- desse landa var I-land, desse var U-land. På den tida var det "oss" og "dei". Det var store skilnadar i verda. Men so endra det seg, og det heldt fram ganske bra.

1:29 Og dette er kva som skjer. De ser at Kina er den store, raude bobla; den blå der er India. Og dei går over alt dette... Eg prøver å vere litt meir seriøs i år når eg syner dykk korleis ting verkeleg har endra seg. Og det er Afrika som skiljer seg ut som problemet her nede, er det ikkje? Framleis store familiar, og HIV-epidemien som heldt nede landa på denne måten. Dette er meir eller mindre det vi såg i fjor, og dette er korleis det vil fortsette inn i framtida.

1:57 Og eg vil halde fram å snakke: er dette mogleg? For no forstår de at eg presenterte statistikkar som ikkje eksisterer. For dette er kvar vi er no. Er det mogleg at dette vil skje? Eg dekkjer levetida mi her, ikkje sant. Eg forventar å leve i 100 år. Og dette er kvar vi er idag. No: kunne vi sjå på den økonomiske situasjonen i verda i staden? Og eg vil gjerne syne det opp mot overlevingsrata for born. Vi skiftar om på aksene: her har du barnedødelegheita -- det vil seie, overlevinga -- fire born døyr der, 200 døyr der. Og på denne aksa har vi BNP per hovud. Og dette var i 2007.

2:43 Og om vi no går tilbake i tid, eg har lagt til nokre historiske statistikkar - sjå her, sjå her, sjå her -- ikkje so mykje statistikk for 100 år sidan. Nokre land hadde framleis statistikk. Vi ser ned i arkivet, og når vi er tilbake i 1820 er det berre Austerrike og Sverige som kan produsere tal. (Latter) Men dei var her nede, dei hadde 1 000 dollar per person per år. Og dei mista ein femtedel av borna før deira fyrste bursdag.

3:16 Dette er kva som skjer, dersom vi spelar av med heile verda. Korleis dei sakte vart rikare og rikare, og dei la til statistikkar. Er det ikkje vakkert når dei får statistikkar? Ser de viktigskapen i det? Og her, born lever ikkje lenger. Det siste hundreåret, 1870, var dårleg for born i Europa, for mesteparten av dette er statistikk frå Europa. Det var ikkje før ved århundreskiftet at meir enn 90 prosent av borna overlevde sitt fyrste år. Her kjem India på bana, med dei fyrste opplysingane derifrå. Og dette er USA som spring ifrå, tenar meir pengar. Og snart vil vi sjå Kina kome på bana oppe i hjørnet lengst borte her. Og landet går oppover ettersom Mao Tse-Tung betrar helsa, betrar ikkje økonomien like mykje. Der døydde han, so kjem Deng Xiaoping med pengar, og dei går bortover her. Og boblene fortset med å bevege seg oppover der, og dette er korleis verda ser ut idag. (Applaus)

4:12 Lat oss ta ein kikk på USA. Vi har ein funksjon her -- eg kan seie til verda, "bli der du er". Og eg tek USA -- vi vil framleis sjå bakgrunnen -- Og eg set dei opp slik, og no går vi bakover. Og vi kan sjå at USA held seg til høgre for hovudstraumen. Dei er på pengesida heile tida. Og tilbake i 1915 var USA nabo med India -- dagens, samtidige India. Det betyr at USA var rikare, men mista fleire born enn India gjer i dag, proporsjonalt. Og sjå her -- samanlikna med Filippinane idag. Filippinane idag har nesten same økonomi som USA hadde under fyrste verdskrigen. Men vi må ta USA fram ein del år for å finne den same helsestandarden i USA som vi har på Filippinane. Cirka 1957, og vi ser at helsa i USA er den same som Filippinane si. Og dette er problemet i denne verda som mange kallar globalisert, at Asia, dei arabiske landa, Latin-Amerika, er langt lenger framme i det å vere friske, utdanna, å ha menneskelege ressursar enn dei er økonomisk.

5:26 Der er ein enorm skilnad i det som skjer idag i dei utviklande økonomiane. Vi ser at dei sosiale goda og den sosiale framgangen er sterkare enn den økonomiske framgangen. Og i 1957 hadde USA den same økonomien som Chile har idag. Og kor langt må vi ta USA i tid, for å få den same helsestandarden som Chile har idag? Eg trur vi må gå hit -- 2001 eller 2002 -- for at USA skal ha same helsestandard som Chile. Chile kjem etter! Om kun få år kan Chile ha betre overlevingsrate blant born enn USA har. Dette er verkeleg ei forandring, at du har dette etterslenget på meir eller mindre 30-40 år skilnad på helsestandarden.

6:11 Og bak helsestandarden er utdanningsnivået. Og det er mange infrastrukturelle ting, og menneskelege ressursar generelt. No kan vi fjerne dette -- og eg vil gjerne vise farta på skilnaden, kor raskt dei har utvikla seg. Og vi går tilbake til 1920, og eg vil sjå på Japan. Og eg vil sjå på Sverige og USA. Og eg skal sette opp eit kappløp her. mellom denne gulaktige Forden her og den raude Toyotaen her nede, og den brunaktige Volvoen. (Latter) Og sjå her, sjå her! Toyotaen har ein veldig dårleg start her nede, det ser vi, og Forden frå USA køyrar ute i skogen der. Og Volvoen klarar seg rimeleg bra. Her er krigen. Toyotaen køyrde litt av vegen, og no kjem han opp på den sunnare sida av Sverige -- ser de det? Og dei går forbi Sverige, dei er no sunnare enn Sverige. Det var cirka då eg selde Volvoen og kjøpte Toyota. (Latter) Og no kan vi sjå at endringsrata var enorm i Japan. Dei tok verkeleg innpå.

7:19 Og dette endrar seg gradvis. Vi må sjå på det over fleire generasjonar for å forstå det. Og lat meg vise min eiga form for familiehistorie -- vi har laga desse grafane her. Og det er det same som før, pengar her nede, og helsa, ikkje sant? Og dette er familien min. Her er Sverige i 1830, då tippoldemora mi vart fødd. Sverige var slik som Sierra Leone er idag. Og dette er då oldemor mi vart fødd, i 1863. Og Sverige var som Mosambik. Og dette er då bestemor mi vart fødd, i 1891. Ho tok vare på meg som liten, so eg snakkar ikkje om statistikk no -- no er det muntleg historie i familien. Det er då eg byrjar å tru på statistikk, når det er bestemor-verifisert statistikk. (Latter) Eg trur det er den beste måten å verifisere historiske statistikkar på. Sverige var slik som Ghana. Det er interessant å sjå den enorme skilnaden innad i Afrika sør for Sahara. Eg sa det i fjor, eg seier det i år igjen, mora mi vart fødd i Egypt, og eg -- kven er eg? Eg er meksikanaren i familien. Og dottera mi, ho vart fødd i Chile, og dottera hennar vart fødd i Singapore, som idag er det sunnaste landet på jorda. Det gjekk forbi Sverige for to-tre år sidan, med betre barnehelse. Men de veit, dei er so små der borte. Dei er so nære sjukehusa, vi kan aldri slå dei ute i skogane vi har. (Latter) Men all ros til Singapore!

8:43 Singapore er best i verda, no. No ser dette ut som ei svært lys og god historie. Men det er verkeleg ikkje så lett, at alt er ei solkinshistorie. For eg må vise fram ein annan applikasjon. Vi kan også la fargen her representere variablen -- og kva vel eg her? Utslepp av karbondioksid, tonn per innbyggjar. Dette er 1962, og USA slapp ut 16 tonn per person. Kina slapp ut 0,6, og India slapp ut 0,32 tonn per innbyggjar. Og kva skjer når vi går fram i tid? Vel, du ser den vakre historia om å verte rikare og verte sunnare -- alle saman gjorde det på kostnad av utsleppa av karbondioksid. Det er ingen som har unngått det so langt. Og vi har ikkje fullt oppdaterte data lenger, fordi dette er ømfintlege data i dag. Og der er vi, 2001.

9:41 Og i diskusjonen eg deltok i med globale leiarar, sa mange at problemet idag er dei utviklande økonomiane, dei slepp ut for mykje karbondioksid. Miljøministeren i India svarte, "Vel, det var de som skapte problemet." OECD-landa -- landa med høgast inntening -- det var dei som skapte klimaforandringane. "Men vi tilgjev dykk, for de visste ikkje det. Men frå no av tel vi per innbyggjar. Frå no av tel vi per innbyggjar. Og alle er ansvarlege for sitt eige utslepp per person."

10:13 Dette fortel at vi ikkje kan finne nokon økomisk og helsemessig framgang nokon stad i verda utan å øydeleggje klimaet. Og det er dette som verkeleg må endre seg. Eg har vorte kritisert for å vise eit for positivt bilete av verda, men eg trur ikkje det er akkurat slik. Jorda er ein ganske rotete stad. Dette kan vi kalle dollargata. Alle menneska på jorda bur på denne gata. Kva dei tenar -- kva nummer dei bur i -- er kor mykje dei tenar per dag. Denne familia tenar kring ein dollar dagen. Vi køyrer opp gata her, og vi finn ein familie som tenar kring to-tre dollar per dag. Og vi køyrer på -- vi finn den fyrste hagen i gata her, og dei tener 10 til 50 dollar om dagen.

10:55 Og korleis bur dei? Om vi ser på senga her, ser vi at dei søv på eit teppe på golvet. Dette er kva fattigdomsgrensa er -- 80 prosent av familieinntekta er akkurat nok til å dekke energibehovet, maten den dagen. Dette er to til fem dollar, du har ei seng. Og det er eit mykje finare soverom, som de ser. Eg underviste om dette for Ikea, og dei ville sjølvsagt sjå sofaen med ein gong. (Latter) Og dette er sofaen, korleis den ser ut der. Og det interessante er at når du bevegar deg rundt i panoramavising, ser du framleis familien sitjande på golvet der, sjølv om dei har ein sofa. Om du ser inn på kjøkenet, ser du at den store skilnaden for kvinner kjem ikkje mellom ein til ti dollar dagen. Du må over det, før du verkeleg kan få gode arbeidsforhold i familien. Og om du verkeleg vil sjå skilnaden, så ser du på toalettet. Dette kan endrast på. Dette er bilder frå Afrika åleine, og det kan verte mykje betre. Vi kan kome oss ut av fattigdom.

11:59 Mi eiga forsking har ikkje vore innan IT eller noko slikt. Eg brukte 20 år på å intervjue afrikanske gardbrukarar som var på grensa til ein hungersnaud. Og dette er resultatet av forsking på behov innan landbruket. Det beste med biletet er at du ikkje kan sjå kven som er forskarane i biletet. Det er då forsking fungerer i fattige samfunn -- du må verkeleg leve med folket.

12:21 Når du er i fattigdom, handlar alt om å overleve. Om å ha mat. Og desse to unge gardbrukarane, dei er ungdomar no -- sidan foreldra døydde av HIV og AIDS -- dei diskuterer med ein utdanna agronom. Dette er ein av dei beste agronomane i Malawai, Junatambe Kumbira, og han diskuterer kva slags kassava dei skal plante -- den beste omdannaren av solskin til mat som menneska veit om. Og dei er særs, særs interesserte i å få råd. Og det er å overleve i fattigdom. Det er ein kontekst. Å kome seg ut av fattigdom... Kvinnene fortalte oss ein ting: "Skaff oss teknologi. Vi hatar denne morteren, å stå i timevis... Skaff oss ei mølle, slik at vi kan kverne kornet, so kan vi vere i stand til å betale for resten sjølve." Teknologi får deg ut av fattigdom, men det fins et behov for ein marknad for å kome seg vekk frå fattigdom. Og denne kvinna er svært glad når ho tek med produkta sine til marknaden. Men ho er særs takksam for den statlege investeringa i skuleverket slik at ho kan telle, og ikkje vil bli lurt når ho kjem til marknaden. Ho vil at ungen hennar skal vere frisk, slik at ho kan gå på markedet og ikkje treng å vere heime Og ho vil gjerne ha infrastrukturen i orden -- det er kjekt med asfalt Det er også bra med kreditt. Mikro-lån gav henne sykkelen, ikkje sant. Og informasjon vil fortelle henne når ho skal gå på markedet med kva produkt. Vi kan gjere dette.

13:39 Etter 20 års erfaring i Afrika ser eg at det tilsynelatande umoglege er mogleg. Afrika har ikkje gjort det dårleg. På 50 år har dei gått frå ein før-middelaldersk situasjon til eit akseptabelt Europa for 100 år sidan, med eit fungerande styresett. Eg vil seie at Afrika sør for Sahara har gjort det best i verda i løpet av dei siste 50 åra. Fordi vi ikkje tek med i betrakninga kvar dei kom ifrå. Omgrepet utviklingsland er meiningslaust. som set oss, Argentina og Mosambik ilag for 50 år sidan, og som seier at Mosambik gjorde det dårlegast. Vi må vite litt meir om verda. Eg har ein nabo som kjenner 200 typar vin. Han veit alt. Han veit namnet på drua, temperaturen og allting. Eg kjenner berre to typar vin -- raud og kvit. (Latter) Men naboen min veit berre om to typar land -- i-land og u-land. Og eg kjenner 200, eg har dei små opplysingane. Men vi kan gjere dette. (Applause)

14:37 Men eg må verte seriøs. Og korleis vert ein seriøs? Du lagar ein PowerPoint. (Latter) Hyllest til Office-pakken, eller kva? Så, kva er det, kva er det eg vil seie? Eg seier at det fins fleire dimensjonar innan utvikling. Alle har sin kjæledegge. Om du er i finanssektoren, elskar du mikrokreditt. Om du kjempar i ein ikkje-statleg organisasjon, elskar du likskap mellom kjønn. Om du er lærar, elskar du UNESCO, og so vidare. På det globale planet må vi derimot ha meir enn berre vår eigen ting. Vi treng alt. Alle desse tinga er viktige for utviklinga, særleg når du akkurat har kome ut av fattigdomen og du skal bevege deg mot velferd.

15:18 Det vi treng å tenke på er, kva er måla for utvikling, og kva er midla for utvikling? Lat meg fyrst gradere dei viktigaste midla. Økonomisk vekst er for meg, som allmennhelseprofessor, det viktigaste for utviklinga, fordi det forklarar 80 prosent av overlevinga. Styresett. Å ha eit styresett som fungerar -- det er det som fekk California ut av uføret i 1850. Det var regjeringa som fekk lovene til å endeleg fungere. Utdanning, menneskelege ressursar er viktig. Helse er og viktig, men ikkje like mykje som middel. Miljø er uviktig. Menneskerettar er og viktig, men det får berre eitt kryss.

15:58 No, kva med måla? Kvar går vi hen`? Vi er ikkje interesserte i pengar. Pengar er ikkje eit mål. Det er det beste middelet, men eg gir det null som mål. Styresett? Vel, det er moro å stemme innimellom, men det er ikkje eit mål. Å gå på skule, det er ikkje eit mål, det er eit verkemiddel. Eg gir helse to poeng. Eg meinar, det er kjekt å vere frisk. --- spesielt i min alder -- å kunne stå her, å vere frisk. Og det er positivt, det får to plussteikn. Miljøet er veldig, veldig viktig. Det fins ingenting for borneborna om du ikkje tek vare på det. Men kva er dei viktigaste måla? Sjølvsagt er det menneskerettar! Menneskerettar er målet, men det er ikkje eit like sterkt verkemiddel for å oppnå utvikling. Og kultur. Kultur er det viktigaste av alt, vil eg seie, for det er det som gir glede til livet. Det er verdien i å leve.

16:45 Slik at det tilsynelatande umoglege blir mogleg. Sjølv afrikanske land kan oppnå dette. Og eg har vist dykk bileta der det tilsynelatande umoglege er mogleg. Og hugs, ver so snill, hugs hovudbeskjeden min som er denne: Det tilsynelatande umoglege er mogleg. Vi kan ha ei verd som er god. Eg synte det til dykk i bileta, eg beviste det i PowerPointen, og eg trur at eg og vil overbevise dykk gjennom kultur. (Latter) (Applaus) Gje meg sverdet mitt! Sverdsluking kjem frå det gamle India. Det er eit kulturelt uttrykk som gjennom tusenvis av år har inspirert menneske til å tenke forbi det openberre. (Latter) Og eg skal bevise for dykk at det tilsynelatande umoglege er mogleg ved å ta dette stykket stål -- solid stål -- dette er armébajonetten frå den svenske arméen i 1850, det siste året vi hadde krig. Og det er solid stål -- berre høyr her. Og eg kjem til å ta dette stålbladet, og stikke det ned gjennom kroppen min av kjøt og blod, og bevise for dykk at det tilsynelatande umoglege er mogleg. Kan eg få be om ein augneblink med total stille? (Applaus)